Me fekk i oppdrag å kommentera blogginnlegga til elevane ved Kongsberg vgs. Desse omhandla informasjonskløfter og var innleiingar til det som seinare skulle bli lengre fagtekstar. Vår oppgåve var å forsøkje å rettleie, gi tips og seie kva me tykte var bra og evt mindre bra i innleiingane. Her vil eg presentera ein av kommentarane eg skreiv, for så å gi ein fagleg vurdering og komme med mi personlege meining. Eg kjem så innom kva omsyn ein må ta når ein kommenterer andre sine bloggar/fagtekstar.
Eg kommenterte bloggen til Marit, innlegget hennar finn de her.
Dette er min kommentar:
Hei, eg tykkjer du har ei god, fangande innleiing, in medias res, rett på sak. Heile vegen har du eit godt og enkelt språk.
I innleiinga nemner du berre internett som ein måte å tilskaffe seg kunnskapar på, er dette den einaste informasjonskjelda det er mangel på?
Likar måten du presenterer problemstillinga, bra at du konkretiserar den i slutten av innleiinga slik at me som lesarar veit kva me kan forventa oss å lesa om utover i teksten din.
Det du Kan gjera, er å nytte kjelder/ og eventuelt skriva ein meir presis definisjon om kva informasjonskløfter er.
Ei god innleiing, vonar sluttresultatet også vert godt!
Innleiinga i denne teksten om informasjonskløfter fangar lesaren allereie frå fyrste setning. Språket er, som skrive i kommentaren, godt og har god flyt. Marit forklarer kva ei informasjonskløft er. Men eg saknar ein meir presis definisjon. Det er flott at ho får fram Kva det er som skapar informasjonskløfter og kva konsekvensar dette får; ” Dette fører igjen til at deler av verdens mange samfunn ekskluderes, fordi noen sitter inne med kunnskap som gir dem et fortrinn ovenfor den resterende part.” Vidare får ho fram kva rolle media har som folkeopplysar og som ”den fjerde statsmakt”. Her nyttar ho fagbegrep, noko som hevar nivået i fagteksten. Innleiinga vert avrunda med eit spørsmål som ledar til problemstillinga. At problemstillinga vert presentert tydeleg avslutningsvis, viser struktur og gjer at me som mottakarar veit kva me kan venta oss ved vidare lesing.
Personleg tykkjer eg Marit har skrive ei svært god innleiing som appellerer til lesaren og gjer ein interessert i å halde fram med lesinga. Teksten er truverdig, det er tydeleg at forfattarens it inne med gode kunnskapar om emnet.
Av tips som evt kan gjera teksten betre, kan eg nemna å leggja til ein meir presis definisjon av informasjonskløfter og å nytta kjelder. Dette er kun pirk, ettersom teksten er av høg kvalitet i utgangspunktet.
Når ein kommenterer andre sine blogginnlegg/fagtekstar, er det visse omsyn ein må ta. Tekstane som er skrivne har vedkommande truleg brukt lang tid på, og står inne for sitt produkt. Om ein då kjem med negative og usaklege kommentarar, kan det verka sårande i tillegg til at det er meiningslaust. Difor har eg valt å leggja vekt på kritisk, konstruktiv tilbakemelding, samstundes som eg også peikar på det positive. For utan tvil; det var ekstremt mykje bra. Desse elevane skal skriva vidare på tekstane, difor er det viktig å motivera.
Ordninga med kommentering og deling av informasjon mellom vgs-elevane i Kongsberg og Sogndal tykkjer eg fungerer fint, og det er svært lærerikt. Som Virginia Shea har skrive i boka ”Netiquette” : ”Kunnskap er verdifullt, og blir bare mer verdt når den deles med andre.” (Utdraget frå boka finn du her)